Båtplass
Sandane Småbåtlag ynskjer å gjere det enklare å få oversikt over ledige båtplassar i hamna.
I dag er det fleire som eig båtplass utan å bruke han heile året, samstundes som mange er på leiting etter plass å leige. For å betre flyten og gi betre oversikt, har vi oppretta denne sida.
Ledige båtplassar til leige
Her vil det bli publisert informasjon om båtplassar som er tilgjengelege for leige i kortare eller lengre periodar, basert på innmelding frå eigarane av plassane.
Ta kontakt med Sandane Småbåtlag dersom du er interessert i ein av plassane som ligg ute, eller om du ynskjer meir informasjon.
Oversikt ledige plassar per juni 2026
Har du båtplass du ikkje brukar?
Eig du ein båtplass som står ubrukt i delar av året? Då kan du melde inn plassen her, slik at andre får høve til å leige han.
Ved å leige ut bidreg du til betre utnytting av hamna og gjer det enklare for nye og eksisterande båteigarar å finne plass.
Meld inn ledig båtplass
Sandane Småbåtlag formidlar kontakt mellom utleigar og leigetakar, men er ikkje part i sjølve leigeavtalen.