Eit enkelt og hyggeleg småtbåtlag i hjartet av fjorden
Sandane Småtbåtlag samlar båtfolk i alle aldrar. Vi tilbyr trygge båtplassar, sosialt miljø, kurs og dugnader.
Kommande arrangement
-
Sjøsetting av båtar
Sjøsetting av båtar med mobilkran Onsdag 29.04.2026.
Oppmøte 09:00
Siste nyhende
-
Dugnad - Vedlikehald
No går vi ei ny sesong i møte, og framfor oss ligg mange viktige og spanande dugnadsaktivitetar som skal gjennomførast i løpet av 2026.
Dugnaden er sjølve fundamentet i laget vårt – det er gjennom felles innsats vi tek vare på anlegget, tryggleiken og trivselen for alle medlemmar.Styret og bryggesjefane har sett opp ein plan for vedlikehald og utbetringar i hamna, på bryggene, ved slipp/vinsj, i bua og elles på området.
Mange av tiltaka eignar seg svært godt for dugnadsinnsats, og vi håpar flest mogleg har lyst og høve til å bidra.Vi oppmodar alle medlemmar til å ta ein gjennomgang av aktivitetane som er planlagde for sesongen.
Dersom det er éin eller fleire aktivitetar du kunne tenkje deg å delta på,
er du hjarteleg velkomen til å ta direkte kontakt med den ansvarlege for aktiviteten. Om du kan bidra mykje eller lite – all innsats er verdsett. -
Ny bryggesjef på B-brygga
Vi ønskjer med dette å informere om at Geir Skaaden har valt å fratre som bryggesjef for B-brygga i Sandane Småbåtlag.
Sandane Småbåtlag vil rette ei stor takk til Geir for innsatsen og arbeidet han har lagt ned som bryggesjef.Vidare kan vi opplyse om at Rolf Tennebø tek over rolla som bryggesjef for B-brygga.
Vi takkar Geir for godt arbeid, og ønskjer Rolf lukke til i den nye rolla.on goes here
-
Oppsummering frå Årsmøte
Årsmøtet vart halde 1. mars 2026 på Strandtun, SFE i Bukta kl. 19.00, Til stades: 14 medlemmar
Styret held fram uendra også komande periode. Alle som stod på val tok attval, og det kom ingen benkeforslag under valet. Dermed held laget fram med same styresamansetning som før.
Det vart vidare vedteke å auke hamneleiga frå 2000 kr/år til 2500 kr/år. Bakgrunnen er at fleire brygger nærmar seg 50 år, og laget står framfor større kostnader til vedlikehald og mogleg fornying i åra som kjem. Auken skal bidra til å sikre nødvendig økonomi for desse tiltaka. Medlemskontingenten blir ståande uendra på 1000 kr/år.
Laget har òg valt å seie opp avtalen med rekneskapsførar. Dette skuldast ein markant auke i honorara, som gjorde løysinga vesentleg dyrare enn tidlegare. For å redusere driftskostnadene vil laget no føre rekneskapen sjølv framover.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt.
Om småtbåtlaget
Vi er eit ideelt lag drive på dugnad. Målet vårt er å gje medlemmene eit trygt, triveleg og rimeleg tilbod i båthamna. Vi arrangerer vårpuss, haustløft, kurs i sjøvett og sosiale kveldar i klubbhuset.
Alle er velkomne – anten du har jolle, seglbåt, RIB eller berre likar lukta av saltvatn.
Stifta: 1970-tallet
Medlemmar: om lag 180
Havneplassar: 120 båsbredder
Beredskap: redningsstige, brannsløkkjar & naudpunkt
Fasilitetar i hamna
Gjesteplassar
Gjesteplassar på langs på E-brygge. Betaling via Vipps. Ta kontakt for lengre opphald.
Slip & kran
Sjølvhjelpsslipp.
Eige området for utkøyring av båtvogner.
Årleg felles kranbil for utsetting og landsetting av båtar.
Ta kontakt for slipping og kraning.
Straum & vatn
Oppgraderte bryggjer med tilgang til 16 A og ferskvatnspostar.
Avfall & miljø
Sortering. Hald hamna rein!
Tryggleik
CE-merkte redningsstigar og livbøyer.
Medlemskap & prisar
Ordinært medlemskap
kr. 1000,-
Tilgang til slip
Medlemsprisar på kurs
Hamneleige
kr. 2500,-
Årleg leige dersom du eig plass
Hamneplass
frå kr. 61.500,-
2,5 - 12 m plassar
Straum og vatn
Vaktordning
Hamnereglar (kortversjon)
Alle pliktar å halde orden på eigen båtplass. Defektar skal meldast til bryggesjef.
Båteigar/båtplasseigar skal syte for snømoking og reinhald, og er elles ansvarleg for det flytande anlegget.
Båten skal vere forskriftsmessig registrert og forsikra av eigaren. SSL er ikkje ansvarleg overfor båteigarane for tjuveri, brann eller andre skadar som måtte oppstå medan båten ligg i hamna.
Sløying/reinsing av fisk skal ikkje gjerast i hamneområdet.
Portane skal låsast når ein forlet bryggene.
Bilar skal ikkje parkerast på moloen. Unnatak er av- og pålessing.
Fullstendige reglar finn du i vedtektene .
Kontakt oss
E‑post: sandanesmabatlag@gmail.com
Styreleiar: Edgar Kvernevik – 900 82 899
Hamnesjef: Øyvind Sivertsen – 992 74 096
Adresse: Ustillingsplassen, 6823 Sandane
Vipps: #824338 • Org.nr: 989 946 668
Styret treffast best på e‑post. Vi svarar vanlegvis innan 1–2 dagar.